Tilbake til alle arrangementer

PUST OG BADSTOVE Torsdag 1.desember

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. Denne hausten og vinteren vil me tilby ein avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og ein liten matbit i “stova”.

OPPMØTE
Møt opp i Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger Link til kart

BADSTOVE
Me startar med eit opphald i badstova på ca. 1 time. Du blir tatt i mot av ein badstumeister ved ankomst som viser deg til den flytande badstova ute på brygga. Her er det tid for å mjukne kroppen, slappe av og kjenne på den gode varmen og kva den gjer med deg. Kombiner gjerne med eit fjordbad om du ynskjer, eller avkjøl deg i utedusjen vår.

PUST
Etter badstova bytter me til behagelige og varme kler og det er tid for ca.45min pust og avspenningsøvingar på matta med instruktør Eirin. Denne delen foregår inne i “stova” i fabrikken. Me har matter, klosser og pledd, men vil du ha med eige kan du også det.

SERVERING
Etter økta på matta avsluttar me med ei sosial stund der me serverer te, kaffi og ein matbit.

PRAKTISK / BEKLEDNING

I badstova kan du nytte badekler eller shorts/topp ( gå med det du føler deg komfortabel i). Ellers er det greit å ha med:

  • 2 handduker, 1 til å ha i badstova og 1 til etterpå

  • Drikkeflaske med vatn

  • Behagelige, tørre og varme kler til etterpå

    Me har 2 toalett og 1 dusj. Dersom ein ynskjer å nytte dusjen må ein gjere det før pustedelen eller etter arrangementet er ferdig.

PARKERING
Ein kan parkere v/Mjøs Metall (rett over Den Grøne Fabrikken) på ettermiddag/kveld og helg. Ellers er det parkering på dampskipskaien (vis a vis Den Grøne Fabrikken, ca. 2min og gå).

*Påmelding er bindende.

Forrige
Forrige
13. august

Pust og badstove 13.august

Neste
Neste
22. desember

PUST OG BADSTOVE Torsdag 22.desember