Prosjekt Flytande Badstove
Prosjekt Flytande Badstove er eit omfattande kunstprosjekt i regi av OSTERØY KUNSTLAG.
Utsmykkingsidè
I dei norske fjordane finn vi nokre av dei best verna løyndomane. Her finn vi mellom anna nakensniglen (nudibranchia), også kalla havets sommarfugl, eit av dei mest fascinerande vesenene som lever i havet. Dei er små med eit mangfold av fargar og formar. I mangel av eit beskyttande hus har dei utvikla andre teknikkar som forsvar, blandt anna giftige stoff frå tentaklane. Nokon av desse produserar sin eigen straum, og nokre har fluoriserande fargar når ein lyser på dei, der dei ligg som ein juvel på havets botn. Me har latt oss inspirera av havets løyndomar, det me enno ikkje veit, men med fokus på desse fargesprakande havdyra.
På badstova sine ytterveggar er utsmykkinga inspirert av sniglane sine intense fargar, visualisert med fleire hundre små «auger» i metall, lakkert i sterke fargar.
Badstova sine innerveggar har eit fabulerande formspråk med teikningar og tekst inspirert av sniglar, sjø og hav utført med svipenn, pyrografi. Som ein del av utsmykkinga inne inngår detaljar og deler frå eit teikneprosjekt med hav og sniglane som tema. Gjennomført med elevar i designgruppa ved Osterøy Ungdomsskule mai 2020 og ein workshop med elevar frå Hosanger montessoriskule februar 2021.