Tilbake til alle arrangementer

Kunstomvisning, mini-workshop og badstove 2.juli

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. I sumar vil me tilby kunstomvisning i Den Grøne Fabrikken kombinert med opphold i badstova. Kunstnar Else Karin vil også utfordre deg til å finne “streken din” i ein miniworkshop i “Stova” i Den Grøne Fabrikken.

OPPMØTE
Møt opp i Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger: Link til kart

KUNSTOMVISNING OG MINI-WORKSHOP

Me startar med at kunstnar, Else Karin, gir ein omvisning i lokala som er husa av fleire utstillingar i samarbeid med Osterøy Kunstlag. Etter omvisningen vil me bruke ca.30min på ein mini-workshop med tema “Finn streken din”. Her vil me bruke blyant og skisseblokker og vere kreative.

BADSTU
Siste del av omvisningen blir i badstova som er eit eige kunstprosjekt. Her vil me også fyre i slik at du kan sitte og nyte varmen, kunsten og inntrykka. Badstova ligg skjerma på eige flytebrygge og det er fritt for å ta seg eit fjordbad eller fleire.

PRAKTISK / BEKLEDNING

I badstova kan du nytte badekler eller shorts/topp ( gå med det du føler deg komfortabel i). Ellers er det greit å ha med:

  • 2 handduker, 1 til å ha i badstova og 1 til etterpå.

  • Drikkeflaske med vatn

  • Ein matbit til etter badstova (eller ein kan gå til Mjøsvågen Landhandleri som er rett ved for å kjøpe lunsj)

Me har 2 toalett og 1 dusj som kan nyttast til omkledning før/etter badstova.

Dersom mange påmeldte vil me kjøre 2 grupper som veksler mellom badstove og omvisning/mini-workshop.

Forrige
Forrige
16. juni

Pust og badstove 16.juni

Neste
Neste
13. august

Pust og badstove 13.august