Tilbake til alle arrangementer

Pust og badstove 16.juni

Velkomen til vår unike kunstbadstove, Flabellina, i Mjøsvågen på Osterøy. I sumar vil me tilby ein avspenningsoppleving med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og ein liten matbit i “stova”.

Fleire ledige plassar 13.august :)

Pust og badstove 13.august

OPPMØTE
Møt opp i Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger Link til kart

BADSTU
Me startar med eit opphald i badstova frå kl.09.00-10.00. Du blir tatt i mot av ein badstumeister ved ankomst som viser deg til den flytande badstova ute på brygga. Her er det tid for å mjukne kroppen, slappe av og kjenne på den gode varmen og kva den gjer med deg. Kombiner gjerne med eit fjordbad om du ynskjer, eller avkjøl deg i utedusjen vår.

PUST
Etter badstova bytter me til behagelige kler og det er tid for ca.45min pust og avspenningsøvingar på matta med instruktør Eirin. Denne delen foregår inne i “stova” i fabrikken. Me har matter, klosser og pledd, men vil du ha med eige kan du også det.

SERVERING
Kl.11-11.30 har me ei lita sosial stund der me serverer te, kaffi og ein matbit.

PRAKTISK / BEKLEDNING
I badstova kan du nytte badekler eller shorts/topp ( gå med det du føler deg komfortabel i). Ellers er det greit å ha med:

  • 2 handduker, 1 til å ha i badstova og 1 til etterpå

  • Drikkeflaske med vatn

  • Behagelige og tørre kler til etterpå

Me har 2 toalett og 1 dusj. Dersom ein ynskjer å nytte dusjen må ein gjere det før pustedelen eller etter arrangementet er ferdig.

Dersom mange påmeldte vil me kjøre 2 grupper som veksler mellom badstove og pust, for så å møtes til den sosiale avslutningen i “stova”.

Neste
Neste
2. juli

Kunstomvisning, mini-workshop og badstove 2.juli